11.juni hadde vi dagsamling for 1.og 2.årslærlingane i bedriftene våre.
Vi starta dagen med frukost og eit besøk på NTNU i Ålesund. Her fekk vi ein runde på skulen, og fekk sjå diverse verkstader og lab’ar på skulen. Det var veldig kjekt å sjå namnet til tidlegare lærlingar på fleire av bachelor-oppgåvene som hang i gangane! Vi fekk også helse på dei to lærlingane i industrimekanikarfaget ved skulen.
Etter NTNU tok vi turen opp til naboen, Fagskolen i Møre og Romsdal. Her fekk vi prøve navigasjonssimulator for båtar, og det var ikkje fritt for sjøbein og sjøsjuke her! Veldig spesielt å «kjenne» at heile rommet gynga!
Vi avslutta dagen på Liv og Røre på Moa. Her fekk vi nydeleg hamburgermeny, og vi spelte bowling, biljard og shuffleboard. Nokre prøvde seg også på diverse andre spel.
Ein kjekke dag saman med den fine lærling-gjengen!