Tradisjon tru kårar vi under lærlingtreffet i Geiranger årets lærling, og det var mange tilhøyrarar som venta spent på kven som skulle vinne denne kåringa i år!
I år vart Marcus Kalstad Paulsen, lærling i automatiseringsfaget ved Amatec AS, kåra som vinnar, og han kan smykke seg med tittelen Årets lærling 2025. Saman med tittelen fekk Marcus diplom og ein sjekk pålydande 5000 kr.
Dette var nominasjonsteksten frå fagleg leiar, Terje Riksheim, og grunngjevinga til kåringa:
Marcus har vore ein veldig hyggeleg lærling å følgje.
Han har mange gode eigenskapar, både fagleg og som person.
Vi kan nemne:
Punktleg oppmøte
Jobbar godt sjølvstendig
Samarbeider godt med andre der jobben krev det
Særs lærevillig
Veldig oppegåande fagleg
Bidreg godt i diskusjonar etter gode løysingar
Har god systemforståing
Opptrer på ein positiv måte overfor kundar
Utfører ein nøyaktig og ærekjær jobb
Utfører avanserte faglege oppgåver ein ikkje kan forvente frå ein lærling
Er ein hyggeleg kar som bidreg til at det skal vere ein hyggeleg arbeidsplass
Vi gratulerer
Lærling i automatiseringsfaget ved Amatec AS, Marcus Kalstad Paulsen, som årets lærling 2025.