Nytt inventar på kontoret!

På kontoret har vi hatt en kjempeflott sofa som ein lærling på Fora Form laga til oss ein gong i tida.

No var tida inne til å få nytt trekk på den, og kva er då betre enn å bruke dette som ei øvingoppgåve? Anna Nyhaug, som er lærling i industritapetserfaget på Stordal Møbel, tok på seg jobben -og for eit flott resultat!

Her taler bileta før, undervegs og etter for seg sjølv, sjå berre her!

Slik såg sofaen ut før omtrekking, sliten og moden for ny drakt.

 

Her har Anna tatt av trekket, og skal til å lage malar for nye delar.

 

Sofaen er ferdig omtrekt, for eit flott resultat!

 

Kollega på Næringsfabrikken, Tommy, er strålande fornøgd med resultatet!

Vi har fått litt av ein koseleg krok!

 

I tillegg til ny drakt på sofaen, har vi fått låne ein Siesta frå L.K. Hjelle. Vi er svært stolte av medlemsbedriftene våre og vil framover nytte kontoret vårt som eit utstillingslokale for nokre av dei.

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp