Sommaravslutning

Onsdag 6. juli var vi på tur saman med lærlingane våre.

Vi starta dagen med frukost på Langlo AS på Stranda. Etter frukosten var inntatt fortalte elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden om sitt arbeid og vi fekk ei omvisning i bedrifta. Det var spanande å sjå korleis bl.a  skyvedørsgarderober og lyd- og spileveggar blir produsert!

Turen gjekk så vidare til Valldal aktivitetspark. Vérgudane hadde ikkje vore spesielt snill med oss denne gongen, men regndropane forsvann litt når spaninga slo inn! Vi grilla hamburger og pølser og kosa oss svært!

       

 

Fleire av lærlingane våre har bestått fagprøva si i vår, og dette var dermed den siste dagsamlinga dei blir med på. Vi gratulerer dokke alle saman, vi er så stolte av dokke! Lykke til vidare!

 

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp