Vi søker etter ny opplæringskonsulent!

 

Opplæringskontoret for møbel-, tre- og mekanisk industri er lokalisert i Sykkylven. Vår hovudoppgåve er å utvikle og kvalitetssikre fagopplæringa i våre 47 medlemsbedrifter.

 

Vår daglege leiar går av med pensjon 31.mai, og noverande opplæringskonsulent tar over som dagleg leiar frå 1.juni 2023.  Derfor søker vi no etter:

 

Opplæringskonsulent i 50% fast stilling frå 1. juni 2023.

Dato for oppstart kan diskuterast.

Løn etter avtale.

 

Kontorstad er i Sykkylven, med medlemsbedrifter og lærlingar i fleire kommunar i Møre og Romsdal.

 

Arbeidsoppgåver

 

Følge opp lærlingar og lærebedrifter.

Rekruttere nye lærlingar og lærebedrifter.

Samarbeide med myndigheiter, skular og andre aktuelle aktørar.

Rekneskap, (ikkje eit krav), og andre kontoroppgåver.

 

Kvalifikasjonar

 

Du må kunne kommunisere og samarbeide godt, både med unge og vaksne.

Gode generelle digitale ferdigheiter samt god skriftleg og munnleg norsk.

Du må ha gjennomføringsevne, vere sjølvstendig, open og ærleg.

Førarkort kl. B, og disponere eigen bil.

Kunnskap om rekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav.

 

Erfaringar

 

Arbeid med ungdom/unge vaksne.

Kunnskap om fagopplæring og aktuelle institusjonar.

Ønskeleg med erfaring frå industrien.

 

Eigenskapar

 

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.

Har gode mellommenneskelege eigenskapar.

Engasjert, initiativrik og løysingsorientert.

Vere eigna til jobben som opplæringskonsulent.

 

 

Søknad og CV sendast til: post@tipnett.no

Søknadsfrist: 31. januar 2023

Har du spørsmål, ta kontakt med Astrid Drabløs på 93 25 88 37.

www.tipnett.no

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp