Lærlingar og permitteringar

Lærlingane blir sjelden permittert, men no står bedriftene våre overfor nye utfordringar og kan derfor kome i den situasjonen at dei må permittere fleire av sine tilsette, også lærlingar.

Våre lærlingar har fått informasjon om kva som skjer om dei blir permittert, men kort fortalt er situasjonen slik:

  • lærebedrifta melder frå til oss, og vi informerar fylket vidare.
  • lærlingane får behalde lønn på dagens nivå gjennom krisepakken i samband med korona-viruset.
  • for dei som blir permittert blir lærekontrakten stansa, men startar opp att så fort permitteringa opphøyrer.
  • permitteringsperioden vil bli lagt på læretida i etterkant.

Det viktigaste å huske no, er at dei får fullføre opplæringa si og ta fagbrev, men noko seinare enn planlagt. 

Vi på Opplæringskontoret vil gjere vårt beste for lærlingane våre, og håper dei som har spørsmål tek kontakt.

Ta vare på kvarandre og følgj myndigheitene sine råd.

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp