Årets lærling 2021

Embla har vore lærling i logistikkfaget ved Møre Trafo AS.

Grunngjevinga frå styret i Opplæringskontoret, som er juryen i kåringa, er:

«Embla fyller alle kriteria som er sett. Ho er ei engasjert, triveleg og alltid hyggeleg jente. Ho går godt saman med alle, og er alltid smilande og blid. Lærlingen er effektiv og nøyaktig i arbeidet sitt! Ho tar ofte initiativ til å finne nye arbeidsoppgåver og har ein god arbeidsmoral»

Embla er ein god ambassadør for bedrifta og eit godt førebilete for andre lærlingar.

Opplæringskontoret for møbel-, tre-, og mekanisk industri gratulerer Embla Brunstad Klokk som årets lærling 2021!

 

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp