Årsmøte i Teko Teknisk Forening

1.-2. april var det samling og årsmøte i Teko Teknisk Forening i Bergen.

Fredag 1. april starta vi samlinga med å reise til Hosanger for å besøke Nordlender Knitwear AS. Der fekk vi ei glimrande innføring i bedrifta før vi fekk vandre rundt og sjå på på produksjonen. Og der var det mykje flott å sjå!

Etter besøket hos Nordlender Knitwear AS gjekk turen til Mjøsvangen landhandleri for nydeleg lunsj beståande av lokalt produsert mat.

Årsmøtet i Teko Teknisk Forening blei gjennomført før vi fekk ei spanande innleiing og workshop frå Linda Refvik i NF&TA. Tema var omstillingsprosessar i næringsklynga for mote og tekstil.

 

Laurdag var det tid for fleire interessante innlegg, med berekraft som ein raud tråd. Vegar Sellevold frå FoU Daletec AS starta ballet ved å fortelle om EPD, som er ein miljødeklarasjon som viser miljøavtrykket for eit produkt.

Ingun Grimstad Klepp arbeidar ved forbruksforskningsinstituttet SIFO og forskar på forbruk av klede og tekstiler, hushaldning og fritid. Ho engasjerte forsamlinga med innlegget sitt, og det vart gode diskusjonar.

Marie Jørgenvik Kolås gav oss ei innføring i arbeidet rundt den nye nordiske militæruniforma. Ho arbeider i Aclima som er ein av leverandørane til den nye uniforma.

 

Det var ein engasjert gjeng som endeleg kunne samlast igjen etter pandemien, og det vart mange og gode samtalar.

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp