Årets lærlingtreff i Geiranger

Tradisjon tru vart årets lærlingtreff arrangert i Geiranger, denne gongen for 25. gong!

Denne gongen var motivasjon tema for samlinga, og dette fekk vi ei grundig innføring i med stødig hjelp frå Thor Omenås og John Øyvind Livden. På førehand hadde deltakerane fått ei personleghet-undersøking som var utgangspunkt for ein grundigare studie i eigen og andre sin motivasjon.

Ragnhild Stadheim kom og fortalte oss om hennar spanande reise frå Hellesylt og ut i verda. Ho snakka om hennar motivasjon i arbeidet på bl.a barneheim i Kenya og dagsenter i London.

Sjølvsagt var det også gode anledningar for lærlingar og faglege leiarar å bli betre kjent gjennom blandt anna bru-bygging i Lego og på natursti i Geiranger.

25.gongs-jubiléet blei behørleg markert med festmiddag og underhalding!

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp