Årets lærling 2023!

Under lærlingtreffet i Geiranger blei ÅRETS LÆRLING 2023 i Opplæringskontoret for møbel-, tre- og mekanisk industri kåra med denne begrunninga:

 

Iver møter alltid presis og har svært lite fråver. Han er særs læreviljug med eit imponerande engasjement for å få eit godt sluttresultat.

Om han treng nokre timar fri, jobbar han dei inn på førehand.

Iver har delteke ilag med Opplæringskontoret på fleire arrangement, der han framstår som ein god rollemodell og promoterer yrket sitt med stoltheit.

Han representerer faget og lærebedrifta på ein flott måte.

Iver fungerer like bra åleine, som saman med kollegaer på fabrikken. Han er svært sjølvgåande og løyser alle oppgåver på ein god måte. Ser han noko som kunne ha vore gjort på ein betre måte, kjem han med gode forslag til forbetringar. Han bidreg også til eit godt arbeidsmiljø.

 

Vi gratulerer

Lærling i industrimekanikarfaget ved Nyborg AS

 

Iver Svindseth Pettersen

 

som årets lærling 2023

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp